sitemap [backarrow] :tilbake til hovedsida..........jump to the English main page: [english-arrow] logo


Eg er ein fattig fiskar, ein armods juksarmann
som sit i skarve båten ei mil og to frå land
og nykkjer, nykkjer, nykkjer i austavind og frost
og ventar på at ongelen –
skal bera i ein torsk.

På femti famn dernede du går’ og nok kan sjå
ein pilk som stig og søkkjer med frynsut beite på.
Bit i, så får eg kjenna eit godt, velsigna napp,
så opp eg får deg berga –
for han som nylig slapp.

Det er’kje eg som får deg om lukka held så langt,
for du skal gå til renter og avdrag i ein bank;
det er’kje eg som flirer om kroken i deg smatt,
det er ein annan herremann –
som går og krev inn skatt.

Eg er ein fattig fiskar i frå ein armods heim
som bala heile livet med juksa og med stein,
på tofta og med åra ein livsdag lang eg sat,
og fekk i løn for strevet –
i knappast lage mat.

Ei sælebot du gjorde om riktig gildt du åt,
så eg fekk ro til lands snart med mykje fisk i båt,
så fekk dei litt dei mange som gjæter meg for løn
med lov og tal og domar –
og skremsler, song og bøn!

Tekst: Bugge Baustad
Tone: Johan I. Borgos


Bugge Baustad (1882-1953) døde før jeg kom til Sømna, men jeg fikk snart tak i samlinga "Frygdasnella", med mange av diktene hans, og blei glad i det jeg leste. Bugge var også spillemann, men jeg kjenner ikke til at han laga melodi til noen av diktene sine. Jeg har tonesatt noen få av dem, og her er et eksempel (se også denne).

[return arrow] til visesida
[backarrow] :tilbake til hovedsida..........jump to the English main page: [english-arrow]