sitemap [backarrow] :tilbake til hovedsida..........jump to the English main page: [english-arrow] logo


Nei, store min, Olai, kjem du hit
på friing no i kveld – no bi eg stam!
I fokk og kov, nei, for eit syndens slit
i all den snøen – å, du armods mann.
Kom sett deg attåt omnen, kor du frys!
Kle av deg luggan, høyr no, kor han nys.
Nei, fara over ås og myr og hei
og henta seg på slutten berre nei.

Ja så, no vil du ha meg endeleg,
Du store verden, for ei ære lell.
Når sytti år har herja stygt med deg,
då finn du fram, ein ekte svinvers­kveld.
No fann du ut at eg har hus og heim,
to kyr og sau, og at eg er ålein,
no har du vasa nok i tull, du trur,
no ska ho Randi Perstet stå som brur.

Kom hit til bords, Olai, versego’,
eg kan’kje by deg nokon herrerett.
Få i deg varmt, han er så heit som glo,
og jamen treng du no ein kaffeskvett.
Smør på åt deg, førsyn deg, her er tyt.
Du har så lang ein veg, du ete lyt.
Så skal eg rava saman våtten din,
det er då berre ramer, store min!

Å jau, eg minnest nok ei jonsok godt,
ei jonsonatt ein sommar varm og fin.
Ja, du Olai – men det enda brått
då ho Anetta, ho vart venen din.
Du drog på flaska, du, mi bønn va null,
og livet ditt vart berre skitt og tull.
Men lat no gamaldagan stå i fred.
Et no, Olai, førsyn deg, gjer no det.

Du verden, det va stort å vera ung.
Eg var så glad at eg var galen mest.
Du va’kje stiv i kroppen, støl og tung,
du vakna opp kvar morgon til ein fest.
Et no, Olai, smak på lefsa no,
ta åt deg, kar, ja både ei og to.
Ja, ungdomsåran – herre, herregud,
dei fer så fort – så var, så var det slutt.

Nei, ikkje bry deg med så mykje takk.
Eg ser du tek på luggan og skal gå.
No er visst månen komen, han er spak,
no skal eg lys’ deg ut så du får sjå.
Farvel, Olai! Gå deg ikkje burt.
Der bortmed Nordneselva er det lurt.
Langs Nordnesklumpen er det oppkøyrd veg.
Farvel, Olai! Herren fylgje deg!

Tekst: Bugge Baustad
Tone: Johan I. Borgos


En av Bugge Baustad-tekstene jeg har satt tone til (se også denne). Historia er trist, men virker svært ekte. Han Olai kom for seint til ho Randi Perstet ...

[return arrow] til visesida
[backarrow] :tilbake til hovedsida..........jump to the English main page: [english-arrow]